Papi Trafikkskule held til i Stryn kommune, og vart starta opp hausten 2025. Vi tilbyr trafikkopplæring i Stryn, men også praktisk køyring ved høve og avtale på Nordfjordeid. Kontor- og klasseromslokala er sentrumsnært, i Visnes industripark (VIP), Visnesvegen 9A, i bygninga til tidlegare Vest Karosseri. Her delar vi inngong med Veidekke.
Trafikkskulen vart av Statens Vegvesen godkjent 1. Oktober 2025 til å undervise både trafikalt grunnkurs og bil. Sidan oppstart med trafikalt grunnkurs og manuell bil, har vi også utvida tilboda til å inkludere både automatgira bil, lett- og tung motorsykkel, samt mopedbilopplæring. Etterkvart håpar vi også å starte med både mellomtung motorsykkel, samt tilhengjaropplæring (BE/B96).
Papi Trafikkskule ynskjer å vere å vere ein trafikkskule som bidreg ikkje berre til trafikktryggleik, men også til å vise gleden, moro og lidenskap til både det å vere sjåfør, og motorinteressert🏍️💨😁
Eg er Steffen Lorenzo Berstad, er av mange kalla "Papi", og etter ni år som trafikklærar i Ålesund, har eg og den lille familien min endleg flytta heim åt den flottaste heimbygda Stryn. Her ynskjer eg å gjere mykje av det same som eg gjorde i Ålesund; å vere trafikklærar, men denne gongen i mi eiga trafikkskule.
Eg fullførte allmennfag, for så å ta fagbrev som barne- og ungdomsarbeidar kort tid etter vidaregåande. Gjekk trafikklærarutdanninga i Stjørdal frå 2014 til 2016. Deretter fekk eg jobb som trafikklærar i Ålesund, og underviste for MINI Trafikkskole frå sumaren 2016 til november 2018. Her underviste eg i hovudsak automatbil, samt jobba mykje med framandspråklige elevar. Frå januar 2019 til sumaren 2025 underviste eg for Skårbrevik Aut. Trafikkskole, der eg i hovudsak med andre underviste alle motorsykkelklassane, hadde tilhengjar-opplæring, trafikale grunnkurs og også her arbeidde mykje med framandspråkelige elevar. Frå seinsumaren 2025 til dags dato samarbeid eg med Rotevatn Trafikkskule i Volda, med både bil-, mopedbil-, tilhengjar- og spesielt motorsykkelopplæring.
Eg undervis i hovudsak motorsykkel-klassane og bil, men i tillegg har eg også undervisningskompetanse på båe tilhengjarklassane (BE/B96), traktor (T), samt moped og mopedbil (AM146/AM147).
Om du har spørsmål, er interessert i noko av det eg byr på, eller berre vil kome med tankar, innspel og liknande, klikk deg gjerne inn på kontakt-sida, og ta kontakt. Alle meldingar er sett stor pris på, så skal eg svare etter beste evne! 😄