Vi viser deg vegen -
men DU køyrer den.
Vi viser deg vegen -
men DU køyrer den.
Det blir halde trafikalt grunnkurs og MC-kurs framover. Sjekk lengre ned på framsida for meir informasjon! 😁
Mopedbilopplæring er i gong!
Trykk HER for påmelding via mail, eller send ein melding/ring 411 36 020 for påmelding via telefon 😀
Frå Mai 2026 tilbyr Papi Trafikkskule også overgongskurs frå A2 til A, mellomtung til tung motorsykkel. Ein elev har allereie vore gjennom dette, så om du også er interessert, sjekk under "Klassar og kurs" eller "Prisar" i hovudmenyen for meir informasjon 😁
Tidspunkt for neste kurs:
Veke 41; 4., 7., 8., og 9. Oktober (Haustferieveka)
Kl. 1200 - 1500, alle dagar!
Trafikalt grunnkurs må ein ha før ein kan starte med lærekøyring med bil, motorsykkel, moped, mopedbil, og alle andre klassar🧑🏫 Du må vere fylt 15 år før du kan delta. 😁 Kurset består av fire dagar, tre med teori i klasserom, og ein dag med praktisk fyrstehjelpskurs. Om det er ein dag du ikkje kan delta på, må du delta på tilsvarande dag på eit seinare tidspunkt før kurset kan bli godkjent. 😇
Pris: 2000,- per person.
Trykk HER for påmelding via mail, eller send ein melding/ring 411 36 020 for påmelding via telefon.
PS: Dette kurset er utan trafikant i mørket (mørkekøyring). Datoar for dette vil bli avklart nærmare hausten.
Tidspunkt for neste kurs:
17. September, kl. 1700 - 1915 (Stryn)
24. September, 1630 - 1845 (I Team Trafikkskole sine lokaler i Måløy)
Ynskjer du å kome i gong med motorsykkellappen, og vil ver tidleg ute? Då er dette kurset for deg! Alle som skal ha køyretimar hos ein trafikkskule, må ha dette kurset gjennomført før formell opplæring. Her lærer du om dei forskjellige klassane, om risiko, om bruken av sykkel, og mykje, mykje meir!
Pris: 1400,- per person.
Trykk HER for påmelding/spørsmål via mail, eller send ein melding/ring 411 36 020 for påmelding/spørsmål via telefon. 😄
Påmelding til kurs, er det eit kurs du lurer på, eller har andre spørsmål?
SMS/telefon til:
Trafikalt grunnkurs, både teorikurs, fyrstehjelpskurs og kurset "trafikant i mørket", også kjent som mørkekøyring.
Trafikkopplæring for bil, med både manuell og automat
Trafikkopplæring for motorsykkel, både lett- og tung motorsykkel
Trafikkopplæring for mopedbil, frå Juni 2026
Praktiske oppfriskings- og/eller teoritimar, om ein ynskjer repetisjon eller avklaring av trafikkrelaterte emner. Dette kan inngå som både førebuing til vurderingsprøve, eller prøver med særskild tilrettelegging.
Undervisning på både norsk og engelsk, mange ynskjer opplæring i eit anna språk enn norsk, og då tilbyr vi også undervisning på engelsk.
...tilpassa opplæring, som er tilpassa deg, og ditt dugleiksnivå.
...tilgong til TABS; administrasjonsverktyet der du og dine har full oversikt over tidspunkt for timar, progresjon, og betaling av timar.
...tydelige tilbakemeldingar og lekser å arbeide med etter kvar køyretime, som du får både på mail, samt i TABS.
...moglegheit til å planleggje framover i tid, så timar vert forutsigbare, som gjev minst mogleg fråvær frå jobb og skule