Klassar og kurs
Fleire ting saman, eller kvar for seg
Fleire ting saman, eller kvar for seg
Under står litt om kva kurs og klassar Papi Trafikkskule tilbyr. Etterkvart vil vi også starte opp med AM147 - mopedbil. Kik under, og har du nokon spørsmål ikkje nøl med å spørje! 😄
Består av fem forskjellige kveldar med forskjellige tema. Timekravet er 17 undervisningstimar. Er du 25 år eller over, treng du kun
fyrstehjelp og kurset "trafikant i mørket". Er du ikkje fylt 25, må du også ha dei tre kveldane med teorikurs.
Klikk her for å lese meir om trafikalt grunnkurs i trafikkopplæringsforskrifta.
Klikk her for å lese meir om kva Statens Vegvesen generellt skriv om øvelseskøyring.
Kurset lærer deg om kvifor vi har trafikkopplæringa slik vi har den, om grunnleggjande trafikkforståelse, og skal vidareutvikle kunnskapen din om mennesket i trafikken.
Kurset inneheld klasseromsundervisning med både tavleundervisning, gruppeoppgåver, praktiske oppgåver, og består av 10 undervisningstimar. Kurset er obligatorisk for deg som endå ikkje har fylt 25 år.
Kurset legg vekt på, og skal innføre deg i fylgjande tema;
Plikter ved trafikkuhell
Vurdering av skadeomfang
Praktisk fyrstehjelp
Sikring og opptreden på skadestad
Kurset inneheld både klasseromsundervisning, og praktisk undervisning ute, og består av 4 undervisningstimar. Obligatorisk for alle som skal ha eit førarkort, uansett alder.
Kurset legg vekt på å syne deg som både sjåfør, men også ein mjuk trafikant i mørket, kor vanskelige vi som mjuke trafikantar er å bli sett, korleis vi lettare kan bli sett, og korleis vi som sjåførar, lettare kan sjå risiko i mørkret.
Kurset inneheld både praktisk undervisning, og undervisning i klasserom, og består av 3 undervisningstimar. Obligatorisk for alle som skal ha eit førarkort, uansett alder.
Vi tilbyr opplæring i klasse B - bil,
med både manuell og automatisk girkasse.
Trafikkopplæringa på klasse B - bil -
foregår i fire trinn.
Her er desse enkelt forklart;
Trinn 1 - Trafikalt grunnkurs
(felles for alle klassar)
Teorikurs
Trafikant i mørket
Fyrstehjelp og plikter ved trafikkuhell
Trinn 2 - Grunnleggjande køyrety-
og køyrekompetanse
Å gjere seg klar for køyring
Stopp, start, krypekøyring
Ryggjing og parkering, snuing og vending
Sikkerheitskontroll av bilen
Trinnvurdering trinn 2 (innmeldingspliktig)
Trinn 3 - Trafikal opplæring
Informasjonsinnhenting og vikepliktsavklaring
Køyring i by- og landevegsmiljø
Sikkerheitskurs på øvingsbane, tidlegare "glattkøyring" (innmeldingspliktig)
Trinnvurdering trinn 3 (innmeldingspliktig)
Trinn 4 - Avsluttande opplæring
411 - Bilkøyringas risiko (teori)
412 - Landevegskøyring
413 - Planleggjing og køyring i variert miljø
414 - Refleksjon og oppsummering (teori)
Etter dette vil du formelt vere klar for førarprøve, men det kan vere behov for meir øving, avhengig av dugleiksnivået ditt. Kva meir mengdetrening du har behov for, er noko vi finn ut av saman.
Klikk her for å lese meir grundig om opplæring for bil (ref. Trafikkopplæringsforskriffta)
Trafikkopplæringa på klasse A1 - lett motorsykkel,
foregår i fire trinn.
Her er desse enkelt forklart;
Trinn 1 - Trafikalt grunnkurs
(felles for alle klassar)
Teorikurs
Trafikant i mørket
Fyrstehjelp og plikter ved trafikkuhell
Trinn 2 - Grunnleggjande køyrety-
og køyrekompetanse
Grunnkurs for MC - A1/A2/A
Å gjere seg klar for køyring
Stopp, start, krypekøyring
Sving, bremsing i sving, effektiv brems
Sikkerheitskontroll av sykkelen
Trinnvurdering trinn 2
Trinn 3 - Trafikal opplæring
Informasjonsinnhenting og vikepliktsavklaring
Køyring i tettbygde strauk
Køyring på landeveg, på brei og smal veg
Sikkerheitskurs i trafikk
Trinnvurdering trinn 3
Trinn 4 - Avsluttande opplæring
Sikkerheitskurs på veg
Etter dette vil du formelt vere klar for førarprøve, men det kan vere behov for meir øving, avhengig av dugleiksnivået ditt. Kva meir mengdetrening du har behov for, finn vi ut av saman.
Trafikkopplæringa på klasse A - tung motorsykkel,
foregår i fire trinn.
Her er desse enkelt forklart;
Trinn 1 - Trafikalt grunnkurs
(felles for alle klassar, og noko du ikkje treng om du har førarkort frå før)
Teorikurs
Trafikant i mørket
Fyrstehjelp og plikter ved trafikkuhell
Trinn 2 - Grunnleggjande køyrety-
og køyrekompetanse
Grunnkurs for MC - A1/A2/A
Å gjere seg klar for køyring
Stopp, start, krypekøyring
Sving, bremsing i sving, effektiv brems
Sikkerheitskontroll av sykkelen
Trinnvurdering trinn 2
Trinn 3 - Trafikal opplæring
Køyring i tettbygde strauk
Køyring på landeveg
plassering i sving, brei veg
plassering i sving, smal veg
Sikkerheitskurs i presiskøyreteknikk
Trinnvurdering trinn 3
Trinn 4 - Avsluttande opplæring
Sikkerheitskurs på veg, innleiing og klargjering (teori saman med andre)
Sikkerheitskurs på veg, praktisk køyring
Sikkerheitskurs på veg, oppsummering
Etter dette vil du formelt vere klar for førarprøve, men det kan vere behov for meir øving, avhengig av dugleiksnivået ditt. Kva meir mengdetrening du har behov for, finn vi ut av saman.
Utvidelse av førarrett frå A2 til A gjerast ved eit obligatorisk kurs på minimum 7 undervisningstimar. Dette kurset kan du ta tidligst eit år etter at du bestod/fekk førarkort for A2 - mellomtung sykkel. Om du har hatt A2 i to år, får du automatisk A ved dette kurset. Om du har hatt A2 i mindre enn to år, må du også bestå ein førarprøve etter kurset for å få A.
Gjennomføring av kurs
Minst 2 timar benyttast til bevisstgjering og planleggjing, samt refleksjon og oppsummering
Minst 4 timar benyttast til praktisk øving
Fokuspunkt gjennom kurset
Motorsyklisters ulykkesutsatthet
Dele erfaringar med vekt på eigen køyrestrategi
Planleggjing av køyretur
Køyretekniske ferdigheiter
Køyring på veg
Oppfatting og vurdering av trafikksituasjonar
Refleksjon og vurdering av eigen kompetanse som motorsyklist
Vil i løpet av Juni 2026 tilby AM147 - mopedbilopplæring i Stryn, i samarbeid med Rotevatn Trafikkskule i Volda.
Informasjon og prisar vil kome ut i løpet av Juni 2026. Om du har spørsmål eller lurer på noko, ikkje nøl med å spørje! 😁🚗